Fanziner

Konstruksjon

A4/A5/A6, varierande sidetall

Sidan 2001 har eg gitt ut 25 utgåver av fanzinen Konstruksjon i ulike format, med kortprosa, lyrikk, reiseskildringar og foto. Nokre utgåver av Konstruksjon er til sals på Etsy.

Transoughts

A5, 32 sider

TRANSOUGHTS, ei spesialutgåve av Konstruksjon, blei lansert under Prøverommet på Bergen Assembly 22.05.23 og samlar bidrag frå deltakarane i ei skrivegruppe for transpersonar og ikkje-binære.

Pause

A4, 32 sider

Pause er ei visuell fanzine om kvardagsliv under første del av koronapandemien, med 18 bidragsytarar og framsideillustrasjon av Fredrik Rysjedal. Pause er til sals på Etsy.

Turizm

A6, 16 sider

Turizm #1 er eit samarbeid med Mirza Dergic, og er ei fotografisk reiseskildring frå Moldova og Transnistria. Risotrykt på Pamflett i Bergen. Turizm er til sals på Etsy.