Når det halve er godt nok

For eit par veker sidan skreiv eg plutseleg ein heilt ok tekst. Den hadde ikkje all verda til intellektuell tyngde, ikkje var den banebrytande, og den var heller ikkje særskilt poetisk. Men den var langt frå dårleg.

Teksten trengte ikkje å vere briljant eller livsendrande. Det haldt lenge at den var annleis, kan hende litt underfundig. Den var god nok til å stå på trykk som spaltetekst i ei avis. Framfor alt var det lett å skrive den: eg skreiv til eg ikkje hadde meir å seie, kutta ned til passande omfang og lot teksten kvile litt før eg tok ein rask finpuss og sendte frå meg resultatet. Tenk om eg kunne skrive på denne måten heile tida, utan å tvile på kvart einaste ord?

Vel, det kan eg jo. Og denne bloggen er ein plass for nettopp det. Dei seinare åra har eg skrive stadig mindre; tanken har vore å spare på kreftene. Eg har latt vere å skrive spaltetekst og essays og lyrikk – det eg har tenkt på som instant gratification fordi eg kan publisere eller framføre tekstane undervegs – for å skyte alt av energi inn i Romanen som det tar meg så lang tid å fullføre. Men det har berre gjort at eg har skrive mindre. Eg har vore – og er! – i mange gode skrivefellesskap, eg har til og med leigd eit rom å skrive i, eg har forsøkt å rydde meg tid, men likevel har eg vore ein ikkje-skrivande skrivar i lengre tid. Eg har samla opp writing prompts, notatbøker, pennar til ulike høve, gode sakprosabøker om det å skrive, alt utan at det har hjelpt nevneverdig. Nokon som kjenner seg igjen?

For å parafrasere forfattar og gründer Ida Jackson: ein blir god til å skrive av å skrive. Altså ikkje av å tenke på å skrive, å like sjølve ideen om å skrive eller dyrke bildet av seg sjølv som eit skrivande menneske. Men å faktisk sette seg ned og skrive. Å skrive ein liten, "uviktig", uferdig tekst er uansett å skrive, og det er langt å føretrekke når alternativet er å redigere i hel manuset til Romanen med eit altfor pirkete blikk på kvar setning, til berre den lammande tvilen står igjen. 

I Heksesirkel, eit alternativt skrivekurs, gir Ida Jackson det uvurderlege rådet "Skriv der det brenner!" Eg meldte meg på Heksesirkel i 2021 fordi eg trudde at eg hadde skrivesperre. Men det blei stadig klarare undervegs at den stadige sjølvredigeringa og sjølvsensuren eigentleg var ei levesperre: frykta for kva andre ville tenke og seie om det eg skreiv; frykta for at dei vil bli sinte eller skuffa – alle dei tinga eg har lært å unngå, og som sit i kroppen: kjensla av at verdien min som menneske er knytt til kor nyttig og grei eg er og kor lite støy og problem eg skapar for dei rundt meg. Ja, så lenge ingen er sinte på eller skuffa over meg, er det håp! Det er rett og slett eit dårleg utgangspunkt for å skrive noko som helst. 

Heldigvis er dette ein lærdom som ein kan jobbe med å avlære, både aleine og saman med andre. Omlag der er eg no: midt i avlæringsprosessen. Eg starta med morgonsider – altså tre sider friskrift på morgonen før eg sjekker sosiale medier eller les nyhende. Dette er tekst eg knapt les att sjølv, og som i alle fall ikkje er meint for andre. Morgonsider er ein av teknikkane i verktøykassa for Heksesirkel, og tar utgangspunkt i praksisen Morning Pages frå Julia Cameron, som har skrive "The Artist's Way". Og at det verkar, kan eg skrive under på. Eg skriv ikkje kvar dag, men ofte nok til at det har gitt ei merkbar endring. Det å ta opp igjen blogginga er eit direkte resultat av nettopp morgonsidene. På bloggen skriv eg for det offentlege rommet, men framleis utan å stoppe opp for å overtenke. Du kan forvente rundt ein tekst i veka om å skrive, lese, lytte, sjå og vandre. 

Eg har slutta å vente på det perfekte tidspunktet der alt ligg til rette. Det vil seie: eg veit at det tidspunktet faktisk er no, midt i og på trass av alt det andre som trenger seg på. No skriv eg det eg har lyst til – og kan anbefale det på det sterkaste.

Sjekk gjerne ut morgonsider og andre verktøy på sjefsheks.no frå Ida Jackson!

Forrige
Forrige

Kristtornsanking på Spissøy