Kristtornsanking på Spissøy

Det er først dei seinare åra eg har forstått kor mykje glede eg har av tradisjonar og ritual av ulike slag.

Det er særleg tydeleg i jóla: julekort, som rett nok først blir sendt i romjula der eg omsider har roen til å skrive dei. Korthelsing og sjokolade i postkassa til postbodet. Kristtorn over døra, fuglenek i hagen, ein reise til familiegravane for å pynte dei før julaftan. Men korfor tok det så lang tid å slå seg til ro med at eg synest det er viktig å markere årstider og høgtider? Kan hende er det langtidseffekten av å vakse opp med foreldre som var særs kritiske til alt som kunne bli sett på som borgarlege tradisjonar, religion og så bortetter. Rett skal vere rett: ei av læresetningane eg har fått innprenta heimefrå lyder "det er ikke noe i veien med litt borgerlig dannelse". Men likevel er det tradisjonskritikken som sit sterkast i, så kraftig at eg har vore blind for kor mange tradisjonar eg faktisk har bore med meg likevel, nye som eldre.

Dette året fekk eg vere med på førjólstradisjonen til ein annan familie, då Mia Julie inviterte til kristtornsanking på Spissøy. Kristtornsankinga er ei årleg hending like før jól, der folk samlar seg på garden til Trine og Erling for drøs, gløgg og bakst ved eldhuset, før ein samla prosesjon går til sjøen med stige og greinsaks for å velje ut bærtunge kristtorngreiner, bere dei med til gards og lage buntar til å pryde heimen med eller bruke i fuglematen.

Det som slo meg som gjest var kor rituelt det var, kor tydeleg at det fulgte faste merke og vaner. På benkane rundt bålpanna som var fyrt opp for høvet sat foreldra til mange av Mia Julie sine vener frå området. Fleire folk kom til, dei fleste hadde vore der før, nokre få nye. Det var ei påminning om korleis delte tradisjonar får sitt eige liv, større enn summen av dei som tar del i sjølve handlinga: kristtornsankinga går sin gang, sjølv om ein og annan må melde avbod eit år eller det neste. Folka held tradisjonen oppe, men på eit punkt får den sitt eige momentum og blir noko eige, eit fast punkt i året som nærast kommanderer at folk skal møtast rundt elden på den tida sola snur.

Forrige
Forrige

Alt skal vekk

Neste
Neste

Når det halve er godt nok