Alt skal vekk

Eg avslutta 2022 med ei opprydding som har halde fram inn i det nye året.

Sidan eg bur på særs avgrensa plass, vil eg ikkje fylle opp heimen med alle slags saker som har utspelt rolla si: ting eg ikkje brukar, bøker eg er ferdig med eller klede eg ikkje går i.

Når "alt skal vekk"-prosessen støter på ei grunne eller eit skjær, er det gjerne den uformelege affeksjonsverdien som har slått inn. I det siste har eg starta å forstå at eg av og til set denne affeksjonsverdien kunstig høgt, høgare enn eg eigentleg føler for, som om eg vil at ein gitt ting skal bety meir for meg enn den faktisk gjer. 

Kan hende heng det saman med trangen eg har til å besjele alt rundt meg, ein vane som er vanskeleg å legge frå seg og som eg dessutan likar når eg ser den hos andre. Eg har merkt meg korleis M. seier "der er du" til ein dippedutt han har fiska fram frå ein skuff, og "kva er du for ein?" ved synet av ei ukjent skrue eller del. Kort sagt: han ikkje berre besjeler tinga, men liksom anerkjenner dei samtidig. Det er ein veg til å behandle tinga sine betre og ta godt vare på dei i det daglege, som når folk set namn på surdeigsstartaren sin; det er vanskelegare å forsømme ein deig som har eit namn. Men surdeig til side: for min eigen del kan den besjelinga vere til hinder for å kaste ting eg ikkje treng. 

Utan å gå fullstendig Marie Kondo, kan eg slutte meg til prinsippet hennar om at ei gåve har gjort jobben når den er gitt, fordi hensikta er å vise at ein bryr seg om mottakaren. Eg veit at me ikkje skuldar tinga noko: dei er der for oss, ikkje omvendt. Likevel vil eg liksom dempe fallet når eg tar farvel med ein ting, sjølv om det ikkje er mitt problem eller ansvar kva som skjer med boka eller plagget etter at eg har gitt det vidare. Eg har framleis lyst til at bøkene skal kome til nokon som les dei, at stråhatten eller slipset skal bli henta fram igjen. 

Rundt femten ting har gått ut av huset rundt årsskiftet. Då er ikkje bøkene telte med; ein del sel eg vidare, andre har eg sett opp i hyllene til lesekiosken på Bryggen i Bergen, som var slunken og utplukka etter juleferien. I bokhylla heime står det no stort sett bøker eg liker godt nok til å ville lese dei (endå) ein gang eller berre ha dei i nærleiken for å slå opp på ei bestemt side i ny og ne. 

Eg har kvitta meg med det meste av bøker som eg på papiret burde like, men som ikkje gjer noko for meg. Då står eg igjen med ei vill blanding av høgt og lågt: Judith Hermann, Hulebjørnens klan-serien, Toni Morrison, YA og barnebøker, Ursula K. Le Guin, Ben Aaronovich, Tad Williams. Ei bokhylle prega av begeistring. Eg føler meg framleis litt skuldig når eg sender vidare ein "moderne klassikar", verk av folk som har vore nominert til eller vunne Nordisk Råds litteraturpris, eller bøker av forfattaren som far min skreiv avhandling om. Men det må då vere greitt å sende vidare bøker som aktivt dreper livsgnista di. Av same grunn har eg slutta å lese “berre to hundre sider til”, sånn i tilfelle det tar seg opp. 

I kategorien nærast uleseleg klassikar har eg berre haldt på Finnegan's Wake, ettersom eg faktisk trur den har noko for seg og til og med likar den i all sin umoglege prakt. Men er det kan hende besjelinga som snakkar her? 

Forrige
Forrige

Grevlingmodus

Neste
Neste

Kristtornsanking på Spissøy