Grevlingmodus

Det er ganske openbert midtvinters at den dragninga ein kjenner mot mørkret, søvnen og kvila kan vere heilt naturleg. Noko mykje eldre enn elektrisk lys.

Eg tenker på grevlingen som ikkje går i dvale om vinteren, men derimot såkalla torpor – sterkt redusert aktivitetsnivå i påvente av varmare dagar og betre tilgang på meitemark. Det er ein måte å spare kreftene på.

Frå 20. desember til 8. januar hadde eg heilt fri for første gong på lenge. Sjølvsagt hadde eg mykje eg kunne tenke meg å gjere i løpet av dei dagane. Tjue dagar er mykje, like mange som det er arbeidsdagar i månad. Men for å halde på den gode kjensla av tidsoverflod og tidsoverskot, lagde eg ei ønskeliste i staden for ei gjereliste. Eg ville ikkje planlegge noko som brukar opp viljestyrken i ferien min. Dessutan kan eg ikkje tenke meg noko verre enn at påfunn og gjeremål som eigentleg er hyggelege blir reduserte til noko ein berre må krysse av på lista. 

Det å ønske seg noko, i staden for å lage fleire må-lister, funka som berre det. Eg fekk mykje av det eg hadde på ønskelista: lese, skrive, sjå ein serie, ta ein utflukt som eg hadde hatt i tankane lenge – men ikkje minst: sove. Etter kvart tok tankene til å gå i nye banar, det vaks fram idear og tekstar, ein type virketrang som eg ikkje hadde kjent på lenge. Berre det å starte å blogge igjen – det sat altfor langt inne berre få veker tidlegare. Men no hadde eg hatt sterkt redusert aktivitetsnivå lenge nok til at eg hadde lyst til å gjere noko igjen.

No er det det eg gjer i helgene: Eg legg inn tid til å vere i grevlingmodus.

Forrige
Forrige

Utanriks

Neste
Neste

Alt skal vekk