Ein kongeleg fotoseanse
Denne jóla fekk eg ei rojal helsing i postkassa. Motivet var kjent: Det var resultatet av det mest celebre oppdraget eg hadde i 2023, nemleg å forevige den folkekjære og jordnære kongefamilien på Spissøy – Trine, Erling og Mia Julie!
Det var framleis eit tjukt lag snø på bakken i mars då me rigga oss til for fotoseanse framfor sauefjosen med regalia i spennvidda frå høygaflar, arbeidshanskar og fjøsstøvlar til stassløyfe, improvisert ordensband og tiaraar.
Tronarvinga sjølv hadde ideen etter å ha renovert ein trekkfull utedo og hengt opp dei tradisjonsrike portretta av kongefamiliar over heile den eine veggen. Det blei tydeleg at det var eit triumvirat frå Mosterhamn som mangla – og såleis berre ein ting å gjere.
Etter fotografering og audiens med dei kraftfôrglade undersåttane var det rett på med fjøsbuksa for den alltid arbeidsame prinsessa, og både kongen og dronninga var likeleis snart tilbake ved sine vante postar. Eit småbruk driv ikkje seg sjølv!
Trass i den majestetsfornærminga det er å plassere folk slik at dei får sola i augene, kom eg heilskinna frå oppdraget på Spissøy – og hamna til og med på den kongelege julekortlista. Det får ein seie seg nøgd med.
Alle foto: Åsne Hagen. Kunstnarleg leiing, sminke og rekvisittar: Mia Julie Wiland.