Sakprosatips frå ein grundig lesar

Her er mine anbefalingar frå arbeidsbordet i 2023.

Som frilans tekstarbeidar har eg lese eit tosifra tal bøker ekstra grundig i år, anten for å språkvaske manus, lese korrektur eller modernisere. Her er eit knippe sakprosabøker som gjorde særskilt inntrykk i 2023 – og ein samtidsklassikar frå 2022 som allereie har kome i nytt opplag og pocket!

Denne posten er ikkje betalt eller sponsa av forlag, forfattarar eller andre.

“En bondefortelling” av Kathrine Kinn (Forlaget Manifest, 2023) vil garantert gi deg mykje å tenke på. Ikkje visste eg at det fanst så mange høykvalitetar! Heiltidsbonde Kinn skriv overtydande og poetisk om fesjå og bollejur, seterbeite og sauesanking, eit arbeid som aldri tar slutt og kampen for ein matproduksjon som er berekraftig både for bonden og klimaet.

“Palestina: Israels ran, vårt svik” av Odd Karsten Tveit (Kagge Forlag, 2023) er ein tour de force frå Tveit, som kjenner regionen godt etter ein lang karriere som korrespondent og journalist. Noregs rolle og Oslo-avtalane er òg under lupa når Tveit analyserer vegen som har leidd til dagens situasjon i Israel og dei okkuperte palestinske områda.

“Diagnose: kvinne” av Liv Bjørnhaug Johansen (Forlaget Manifest, 2023) er ei rystande fortelling om korleis sjukdommar som er vanlegast blant kvinner systematisk blir bagatelliserte, underdiagnostiserte og feilbehandla i eit helsevesen der medisinsk forsking, medikament og behandling tar utgangspunkt i ein mannleg kropp.

Med “Skogen” (Kagge Forlag, 2023) gir Anne Sverdrup-Thygeson eit vidunderleg innblikk i livet mellom barken og veden og dei mange skapningane me delar skogen med – “liv som er over på en sommer”. Boka er eit kamprop for skogvernet, der både artsmangfald og klima krev at me går vekk frå hensynslaus flatehogst og nedbygging av skogslandskapet.

“Moderskapets frigjøring” av Katti Anker Møller (Forlaget Manifest, 2023) samlar to av kvinnesakspionerens føredrag frå 1915 og 1919. I ei frisk framstilling pepra med marxistiske produksjonsmetaforar tar ho til orde for sjølvbestemt abort og ei kraftig oppvurdering av det ulønte omsorgsarbeidet mange kvinner gjer ved å sette barn til verda.

“Jeg er ikke polakken din” av Ewa Sapieżyńska (Forlaget Manifest, 2022; pocketutgåve 2023) er eit knusande oppgjer med fordommane og stereotypiane mot polakkar som florerer i media og daglegtale her til lands. Sapieżyńska får i tale polakkar som har vidt forskjellige bakgrunnar og livssituasjonar, og som alle blir utsette for rasisme i Noreg.

Forrige
Forrige

Ein kongeleg fotoseanse

Neste
Neste

Se det for deg