Svarte venger

Kristusfiguren i “Black Wings” av Tom Waits er som tatt ut frå ein hardkokt western.

“Black Wings” er frå plata Bone Machine (1992), som fekk ein remaster i 2023 – og eg må alltid høyre på denne i påska på grunn av dei urovekkande og paradoksale språklege bilda som Tom Waits er ein meister i å skape. Frå første trugande, skranglete line møter me ein fredlaus og utstøytt skikkelse som har herda seg for å overleve, og som alltid er på vakt:

Take an eye for an eye
Take a tooth for a tooth
Just like they say in the Bible
Never leave a trace or forget a face
Of any man at the table
Any man at the table

Formuleringa “øye for øye, tann for tann” er frå Mosebøkene og viser til prinsippet om gjengjeldelse; sjå Store norske leksikon for meir om dette. I denne gammaltestamentlege stemninga, der Gud er ein hevnens gud, er det lite nåde og tilgjeving å spore også frå den namnlause kristusfiguren Han (He). Og i linja “[Never] forget a face of any man at the table” går me raskt frå ansikta rundt bordet i Nattverden av Leonardo da Vinci – det siste måltidet før Jesus blei angitt til romarane – til eit skjebnesvangert pokerlaug eller den trykkande stilla i en saloon der alle veit at det vil bli losna skot.

When the moon is a cold chiseled dagger
Sharp enough to draw blood from a stone
He rides through your dreams on a coach
And horses and the fence posts
In the moonlight look like bones.

Den namnlause Han si ferd i hestevagn gjennom draumen blir mest av alt ei heimsøking av den som draumar. Kyrkjegards- og dødsbileta, der månen sjølv er ein sylskarp dolk og gjerdestolpane liknar knoklar, blir ei påminning om at Han har ei fot i grava frå første dag, frå han rir inn i byen på eit esel til han blir dolka i ryggen gjennom angiveri … eller var det avtalt spel? Sjå siste avsnitt av Judas Iscariot-artikkelen på Britannica!

Well they've stopped trying to hold him
With mortar, stone and chain
He broke out of every prison
Boots mount the staircase
The door is flung back open
He's not there for he has risen,
He's not there for he has risen

Her blir Jesu tomme og forlatne grav nærast som arresten i ein by under gullrushet eller eit tidleg Alcatraz: erklært rømmingssikkert og likevel inga hindring å snakke om for den mytiske Han. Remsa “mortar, stone and chain” – mørtel, stein og lenke – blir nærast som eit trylleformular, eit binding spell som likevel smuldrar og sviktar.

Well he once killed a man with a guitar string
He's been seen at the table with kings
Well he once saved a baby from drowning
There are those that say beneath his coat there are wings

I tekstuniverset til Tom Waits blir gitarstrengar brukt på fleire uortodokse måtar – tenk berre på heimetatoveringa i “Circus”, der Molly Hoey har “a tattoo gun made out of a cassette motor and a guitar string”! Her i “Black Wings” er strengen eit dødeleg drapsvapen. Eller er det berre eit rykte, ein del av mytologien, på godt og vondt? Har Han svart eller kvit hatt i denne westernfilmen? Dei svarte vengene peiker på det første – han er i alle fall ikkje nokon ukomplisert helt, men ein samansett figur.

Some say they fear him
Others admire him
Because he steals his promise
One look in his eye
Everyone denies
Ever having met him
Ever having met him

I historiane om Jesus i Bibelen blir mirakel og under møtt med både lovprising og frykt. Den kristusfiguren me møter i evangelia var ikkje framand for å gå hardt til verks eller forstyrre den rådande orden, som då han dreiv pengevekslarane og kjøpmennene ut av tempelet. I Tom Waits’ versjon blir kristusfiguren ein skikkelse som lever i utkanten av samfunnet, ein uføreseieleg og farleg figur som får fiendar overalt og som du helst ikkje vil bli assosiert med. Best å seie minst mogleg! Linjene frå “One look in his eye / Everyone denies …” er mest av alt ei elegant nytolking av fornektinga til Simon i Markus 14:30 (“Jesus svara: ‘Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.’”).

He can turn himself into a stranger
Well they broke a lot of canes on his hide
He was born away in a cornfield
A fever beats in his head like a drum inside

Igjen ser me overlevingskunstnaren frå første linje, som aldri set spor etter seg. Evna denne karakteren har til å gjere seg inkognito og framstå som ein framand spelar kanskje på historia om møtet på vegen til Emmaus, som fortalt i Lukas 24:13–16?

“Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem, og dei snakka om alt det som hadde hendt. Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. Men auga deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att.”

Jesusbarnet sitt leie i ein stall, “away in a manger”, som det heiter i julesongen, blir hos Tom Waits til den erkeamerikanske maisåkeren. Og kan hende er ikkje Han heilt tilrekneleg i denne versjonen, feberaktig som han er?

Some say they fear him
Others admire him
Because he steals his promise
One look in his eye
Everyone denies
Ever having met him
Ever having met him

Sjå heile teksten på tomwaits.com

Forrige
Forrige

Ingen korrektur utan invitt

Neste
Neste

Frykten for folket